Zoonlog

Våre vilkår Bokmål | Nynorsk | English

Under fylgjer dei gjeldande betingelsar ved bruk eller kjøp av tenester hos Zoonlog (zoonlog.net).

Domene

Ei bestilling via bestillingskjemaet på nettsida eller via epost til post@zoonlog.no er bindande, og i dei tilfelle varsel ikkje blir gitt før vi har utført registrering hos vår registrar, må minimum éi årsavgift betalast uansett om kunde ynskjer å ha domenet eller ikkje. Ved bestilling av fleire enn eitt domene via epost, vil vi be om stadfesting tilbake frå kunde før eventuell registrering av domene blir utført.

Domenepakke

Ved registrering av eitt eller fleire domene, er det inkludert ein "domenepakke". Den gir tilgang til ein konto med 10 MB lagringsplass og kan brukast til websider, éin epost-konto og generell administrering av domene. Er flere enn eitt domene registrert, vil desse bli tilknytta den same kontoen.

Prisar for domene

Med atterhald om feil og at endring av prisar kan oppstå etter innsendt bestilling. Vi vil alltid be om stadfesting av kunde dersom prisen har endra seg før vi registrerer domene eller opprettar kontoar. Domene blir fakturert på forskot ved start av ny årsperiode.

Oppseiing av domene

Kunde kan når som helst seie opp eit domene, og vi vil spesifisere hos vår registrar at domenet ikkje skal fornyast for ein ny periode. Kunden vil eige domenet fram til fornyingsdato. For å unngå å betale fleire årsavgifter, må domenet seiast opp seinast 2 månadar før fornyingsdato. Årsperiode blir spesifisert for kvart domene på fakturaen.

Domenesøk

Sjølv om eit domene blir lista som ledig/ikkje registrert, kan det vere einskilde domenenamn som ikkje er mogleg å registere likevel. Nokre domenenamn er ikkje alltid tillate under alle toppnivå-domener. Nokre kan vere tilgjengelege for registrering, men er såkalla "premium" eller beskytta domene som ikkje er mogleg å registrere hos oss. Kontakt oss dersom du er i tvil før du sender inn bestilling.

Det er ikkje tillate å misbruke søketenesta ved å samle inn opplysningar om personar og organisasjonar eller kopiere informasjon direkte frå WHOIS- databasen. Denne tenesta er kun til personleg bruk når du skal søke på og registrere domene eller ynskjer å vite kven som eig eit domene som allereie er registrert. Begrensning på antall søk ein brukar (IP-adresse) av nettsida kan utføre, vil kunne skje og kan føre til at søketenesta er utilgjengeleg i ein kort periode.

Vi vil aldri lagre domenenamn og annan tekst som blir oppgitt i søk.

Webhotell- og epost-konto

Webhotell- og epost-kontoar ("konto") vil bli fakturert på forskot for eitt år av gongen. Prisar på kontoar utover "domenepakke"-konto, vil bli avtalt med kvar einskild kunde.

Vi tar atterhald om retten til å stengje uten forvarsel ein konto dersom vi meiner den misbrukast. Eksempel på misbruk kan vere: stor ressursbruk, spam-utsending eller om innhaldet potensielt kan verke støytande. Vi kan ikkje garantere ei bestemt oppetid på våre kontoar.

Kunde pliktar å ha kopi/backup av eventuelle filer og andre data lagra på sin konto. Det blir gjort backup med 48-timars mellomrom av våre serverar, men bruk av ein slik backup skal helst berre bli brukt i naudstilfelle eller ved feil med server frå vår side.

For kontoar som ikkje er drifta av Zoonlog, er det kundens ansvar å halde eventuell web-programvare (Wordpress, Joomla o.l.) oppdatert for å hindre tryggleiksproblem og vi atterhalder oss retten til å stengje kontoar som innehar programvare med kjende tryggleikshol.

Oppseiing av konto

Kunde kan når som helst seie opp sin konto med umiddelbar verknad. Kunde vil deretter bli kreditert beløpet av attverande månader av noverande årsperiode. Skal kunde også seie opp eit eller fleire domene tilknytta kontoen, må dette meldast frå om seinast 2 månadar før fornyingsdato, som forklart under "Oppseiing av domene". Dersom kunden vil behalde eitt eller fleire domener, vil kontoen omgjerast til ein "domenepakke"-konto med 10 MB lagringsplass.

Support

Er du kunde hos oss, gis det support på våre tenester i form av teknisk informasjon under zoonlog.net/konto eller ved å sende epost, SMS eller ringe til oppgjeven epost-adresse og telefon-nummer på zoonlog.net/konto. Svar på support-henvendelsar blir normalt gitt innan 24 timar måndag til fredag.

Fjernsupport

Har du ein eller fleire kontoar hos oss, får du tilgang til fjernhjelp utan ekstra kostnad. For alle andre koster ei slik supportøkt kr 245,- pr. time. Minimumsfakturering er kr 90,- når problemet eller oppgåva gitt frå kunde blir løyst. Uløyste oppdrag vert ikkje fakturert. Faktura blir tilsendt elektronisk til kundens epost-adresse i kort tid etter supportøkta.

Både vi og kunden kan når som helst avbryte ei supportøkt og kunde vert ikkje fakturert dersom økta ikkje har løyst problemet eller oppgåva.

Programvara som blir benytta for fjernhjelp vil alltid bruke ein sikker (kryptert) forbinding, og data frå kunden si datamaskin eller annan informasjon vil ikkje bli lagra. Det er kundens ansvar å ha backup av sine data og vi tar ikkje ansvar for eventuelle tap av data under ei supportøkt.